Ung kirkesang: Organisasjonskonsulent Vest (prosjektstilling 40%)

Ung kirkesang er ein landsomfattande organisasjon i vekst med meir enn 8000 medlemmer i meir enn 340 medlemslag. Organisasjonen si viktigaste oppgåve er å drive opplæring i kyrkjemusikk, korsong og liturgi.

Organisasjonskonsulent Vest (prosjektstilling 40%)

Stillinga som organisasjonskonsulent vil bli knytt til regionsatsinga i Ung kirkesang og vil leie arbeidet med samanslåing og vidareutvikling av regionledda i Stavanger og Bjørgvin (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). Abeidsoppgåvene vil vere knytt til organisering av aktivitetar for medlemslaga i regionen, søknader, dokumentasjon, representasjon og utvikling av nye aktivitetar.

Vi søkjer ein person med evne til sjølvstendig arbeid, gode nettverkseigenskaper og kvalifikasjonar i organisasjonsarbeid, gjerne også kjennskap til korarbeid og kyrkjemuikalsk verksemd. Den som blir tilsett må ha god evne til kommunikasjon skriftleg, munnleg og i møte. Søknadsfrist 31. mai 2017.

Det er ei føresetnad at den tilsette kan arbeide i samsvar med organisasjonen sitt formål og verdigrunnlag. Utlysinga gjeld 40% prosjektstilling (vikariat) frå og med 1. oktober 2017 og ut prosjektperioden 2019. Det skal arbeidast med sikte på forlenging ut over prosjektperioden og ev. omgjering til fast/større stilling.

Ung kirkesang har tilsette i Kristiansand, Røros, Fredrikstad og det er ynskjeleg at den som vert tilsett bur i arbeidsområdet. Vestlandskonsulenten vil vere ein del av staben i Ung kirkesang på landsplan. Spørsmål om stillinga kan rettast til generalsekretær Nils Hidle, tel. 98 088 768 eller leiar i landsstyret Ole Aleksander Østhassel, tel. 905 02 797. Søknad på e-post til: Ung kirkesang E-post: ungk@online.no Nettsider: www.sang.no.