Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for 29 friviljuge organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur: husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie med meir.

Studieforbundet forvaltar eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og deira lokallag. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt. Opplæringa skjer på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, til formell kompetanse og studiepoeng. For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning. Opplæringa skjer i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen. Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styre som er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker. Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innafor folkekultur kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Nettside: www.kulturogtradisjon.no

E-mail: post@kulturogtradisjon.no

Telefon: 61217750

Faks: 61217701

Postadresse: Vågå Næringshage

Besøksadresse: Vågåvegen 35

Postnr/Poststed: 2680 Vågå