Digital konferanse i Vestland Fylkeskommune
Velkomen til digital konferanse i Vestland torsdag 18. februar kl. 17-19.
Det blir bra. Men korleis?
Vi har trua på kvardagen etter korona, med meir aktivitet, rekruttering og inkludering av mange nye i organisasjonane. Korleis kan fylkeskommunen, kommunane og dei frivillige organisasjonane samarbeide om auka deltaking og inkludering? Kva må til? Kva utfordringar står vi ovanfor og kva treng frivilligheita i Vestland i tida framover?
Vestland fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer frivillig sektor på regionalt nivå i Vestland til open og gratis digital konferanse. Konferansen blir gjennomført i Zoom torsdag 18. februar kl. 17-19.
Det blir fagleg påfyll, kulturinnslag, tips om verktøy og vi legg opp til innspel frå deltakarane. Påmelding innan 17. februar.
Har du spørsmål kan du kontakte age.avedal@vlfk.no eller vanja@frivillighetnorge.no.
Programmet for konferansen
16.50 Innsjekk i Zoom. Lenke til dei påmeldte kjem i e-post.17.00 Opning og ord for dagen v/ Amina Amin
17.15 Frivilligheitspolitikk viser veg, ved Bjørn Lindstad, Frivillighet Norge
Rekruttering og inkludering etter korona, ved Vanja Konradsen, Frivillighet Norge
Musikalsk innslag
Barrierefri fritid! Inkluderingsrettleiar for aktivitetstilbydarar v/ Dorthe Westgaard, Frivillighet Norge og Ungfritid.no
17.50. Inkludering i praksis. Samarbeid mellom frivilligheita og kommune v/ Stina Ihle Amankwah, Møhlenpris Idrettslag
18.00 Pause
18.10 Tilskotsordningar i Vestland fylkeskommune våren 2021 v/ Ronny Skaar, Vestland fylkeskommune
Presentasjon av spørjeundersøking, kunnskapsgrunnlag og strategi for frivillig sektor i Vestland v/ Åge Avedal, Vestland fylkeskommune
18.30 «Dugnad for økt deltakelse», prosjekt for å førebygge einsemd blant unge og eldre, ved Vanja Konradsen, Frivillighet Norge og Frivillig.no
Innspel frå deltakarane til tema rekruttering og inkludering av nye medlemer, deltakarar, frivillige og tillitsvalde.
18.55 Oppsummering og en helsing v/ Fylkesvaraordfører Natalia Golis
Har du spørsmål om tekniske ting, ta kontakt med vanja@frivillighetnorge.no.
Kontaktperson
- Vanja Konradsen
- Prosjektleder, Økt deltakelse
- Frivillig.no, Ungfritid.no
- 215 67 666 / 982 56 770
- vanja@frivillighetnorge.no