Hopp til hovedinnholdet

Svekka rammevilkår for sivilsamfunn

Publisert:
Oppdatert:
Stian s johnsen3

I forslaget til statsbudsjett kuttar regjeringa i stønaden til sivilsamfunn med nesten 350 millionar kroner. Då svekkast rammene for det langsiktige bistandsarbeidet.

Regjeringa seier at reduksjonen må sjåas i samanheng med foreslått auking til humanitære formål og at frivillige organisasjonar vil utgjere ein viktig kanal også for løyvingar til humanitære føremål.

I Frivilligerklæringa seier regjeringa mellom anna at frivillige organisasjonar er viktige arenaer for demokratibyggjing. Med solid kunnskap og erfaring er frivillige organisasjonar i Norge viktige i arbeidet med å styrke sivilsamfunn i utviklingsland.

- Sterkare sivilsamfunn og demokratiutvikling er ein nøkkel til å få bukt med dei problema som vi i dag står ovanfor, og som sender millionar av menneske på flukt frå sine heimar. Det er uheldig at regjeringa vel å løyse behova for akutt hjelp ved å svekke dei ordningar som bidreg til langsiktige løysingar, seier konstituert generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen.

Ulike rammevilkår skaper skilje

Også midlar til frivillig innsats for å skape gode vilkår for integrering i Noreg er svekka i regjeringa sitt budsjettforslag. Posten med tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd er redusert. Denne posten inneheld ordningar som skal bidra til at vi lukkast med integrering av flyktningar.

- I dagens situasjon med eit aukande tal menneske som skal starte nye liv i landet vårt, og ikkje minst med det store engasjement i befolkninga og i frivillige organisasjonar for å ta imot menneska som kjem, så er det ein dårleg strategi å redusere frivillige organisasjonar sine moglegheiter til å bidra, seier Johnsen.

Innvandrarorganisasjonar er ein viktig del av mangfaldet i frivillig sektor. I 2015 la regjeringa om stønadsordninga til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn. Etter omlegginga er det berre organisasjonar i 20 utvalde kommunar som kan få slik stønad. Dette er vidareført i regjeringa sitt forslag til budsjett. Frivillighet Norge er bekymra over konsekvensane dette får for innvandrarorganisasjonane. I Noreg finst meir enn 1000 innvandrarorganisasjonar. Dei er spreidd over heile landet – langt utover dei 20 kommunane som er peika ut som mottakarar av tilskottet til lokale innvandrarorganisasjonar. Innvandrarorganisasjonar er viktige møteplassar, kulturbærarar og læringsarenaer, og dei er viktige brobyggjarar i integreringsprosessane i befolkninga.

- Når regjeringa framhevar at dei har styrka rammevilkåra for frivillig sektor gjennom til dømes momskompensasjonsordninga, må dei hugse at svært mange av innvandrarorganisasjonane er små og sårbare og at dei fell utanfor momskompensasjonsordninga. Innvandrarorganisasjonar kan søkje på andre stønadsordningar enn dei som er spesielt retta mot innvandrarorganisasjonar, men når tersklane for å kunne nyte seg av desse er for høge bidreg ei svekking av rammevilkåra for innvandrarorganisasjonane til å skape skilje i frivillig sektor, avsluttar Johnsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring