Hopp til hovedinnholdet

Høyringssvar på NOU 2011:20 Ungdom, makt og medvirkning

Publisert:
Oppdatert:

Frivillighet Norge har sendt svar på høyringa om ungdom, makt og medvirkning.

16.05.12

Utvalet som har levert utgreiinga har m.a. sett på organisasjonskanalen og kjem med ein del forslag for å styrke ungdom sin innflytnad i samfunnet gjennom denne.

Frivillighet Norge meinar at det er viktig og riktig at utvalet har lagt vekt på frivillige organisasjonar som ein kanal for innflytnad for ungdom i utgreiinga. Barne- og ungdomsorganisasjonar er ein viktig del av ein stor og mangfaldig frivillig sektor i Norge.

Gode rammevilkår for frivillige organisasjonar generelt er viktig for å styrke ungdom sine moglegheiter. Barne- og ungdomsorganisasjonane sine vilkår vert prega både av ordningar retta særskilt mot desse og av alle andre offentlege ordningar, haldningar og kunnskapar, på alle nivå, retta mot frivillig sektor.

Les heile høyringssvaret frå Frivillighet Norge her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring