Hopp til hovedinnholdet

Høge ankomstar og auka butid i asylmottak

Publisert:
Bilde av stand der det deles ut vafler
Foto: Birgitte Heneide/Frivillighet Norge

Frivillige organisasjonar gjer ein viktig jobb med å ta imot flyktningar som blir busett og som bur på asylmottak. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ber kommunane om å busette til saman 37 000 flyktningar i 2024.

Viktig med godt samarbeid

Mange frivillige organisasjonar er engasjert i arbeidet for flyktningar og samarbeider med myndigheitene. Mellom anna inviterer UDI frivillige organisasjonar til informasjonsmøter for å dele informasjon. I møte med nasjonale organisasjonar 5. mars informerte UDI mellom anna om at butida i mottak aukar fordi kommunar ikkje klarer å busette raskt nok.

UDI har ein eigen strategi for samarbeid med sivilsamfunn, som mellom anna har som må l å bidra til at fleire og ulike lag og organisasjonar kan bidra i mottak.

- Vi ser et bredt engasjement blant frivillige organisasjoner i arbeidet for flyktninger. Det er avgjørende at myndigheter på alle nivå bidrar med å legge til rette for frivillige organisasjoners innsats. sier generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen.

Ventar mange flyktningar

IMDi skriv på sine sider at det er uvisst kor lenge krigen i Ukraina vil vare og kor mange som vil kome til Noreg, men det er venta at innkomstane vil vere store også i tida framover. Noreg skal samstundes busette flyktningar som kjem til Noreg frå andre konfliktområde i verda.

Tala frå UDI viste at sidan mars 2022 har fleire enn 75 700 personar frå Ukraina søkt om kollektiv beskyttelse i Noreg, 72 477 har fått svar. 95% har fått innvilga kollektiv beskyttelse. Blant ordinære asylsøkjarar i 2023 var personar frå Syria den største gruppa med nærarer 16.000 asylsøkjarar.

Ny rapport peikar på frivilige organisasjonar sin innsats

Frivillige organisasjonar spelar ei viktig rolle i å inkludere dei som kjem i lokalsamfunna og fellesskapa i frivillige organisasjonar. Det blir trekt fram i ein ny rapport om Tilrettelegging for integrering av flyktninger i Norge. Rapporten er laga av Institutt for samfunnsforskning på oppdrag fra IMDi.

Eksempel er kommunar som har funne nye samarbeidsformer med frivillig sektor som å finansiere stillingar i frivillige organisasjonar og å inngå samarbeidsavtaler.

Rapporten omtaler vidare at organisasjonar i sivilsamfunnet også spelar ei uavhengig rolle som integreringsaktørar i lokalsamfunn kring om i landet. Det gjeld til dømes idrettsorganisasjonar, humanitære foreiningar og religiøse samfunn.

I løpet av våren vil Frivillighet Norge arrangere erfaringsutveksling for frivillige organisasjonar om arbeid med å ta imot flyktningar.

Politiattest for frivillige på mottak

Som frivillig i asylmottak der det bur barn, må den frivillige søkje om politiattest av typen barneomsorgsattest hos politiet. Det er asylmottaket som skal bekrefte føremålet med den frivillige sin innsats i asylmottaket, og ikkje den frivillige organisasjonen som personen eventuelt er tilknytta.

Her kan de lese meir om å vere frivillig ved asylmottak.

Nyttige lenker

Informasjon til dei som skal søkje asyl

Kva betyr kollektiv beskyttelse?

Tilrettelegging for integrering av flyktninger i Norge, rapport fra IMDi/ISF 2024

Inkludering av ukrainske flyktninger i Norge - rapport fra erfaringsutveksling i Frivillighet Norge i 2023

Sivilsamfunnets innsats for flyktninger, rapport fra Frivillighet Norge 2016.


Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring