Ynskjer seg meir dialog
Onsdag 22. januar var det frivillige lag og foreiningar som tok plass i kommunestyresalen i Vågå.
Dette var andre gongen Frivillighet Norge var i Vågå etter at Vågå kommune og Frivillighet Norge inngjekk ein avtale om å sette fokus på frivillighetspolitikk. I oktober i fjor møtte vi formannskapet i Vågå.
Stor aktivitet
Inntrykket vi fekk den gongen, av at Vågå har eit levande lag og foreiningsliv, vart stadfesta på møtet med organisasjonane 22. januar. Vågå kommune har gode støtteordningar til frivillige lag og foreiningar og har eit fast møte med organisasjonane kvart år. På møtet på onsdag fekk organisasjonane diskutere kva som kunne gjerast for å vidareutvikle relasjonen mellom kommunen og frivillige lag og foreiningar.
Framtidsretta
Organisasjonane ynskte seg meir dialog med kommunen, gjerne fleire faste møter og at det vert lagt til rette for breiare deltaking frå alle dei ulike laga og foreiningane i Vågå. Ein såg at å utvikle ein frivillighetspolitikk kan gjere dei tiltaka kommunen har i dag ovanfor frivillige lag og foreiningar meir robuste for framtida.
Vågå kommunen er ein av fem kommunar som Frivillighet Norge samarbeidde med i fjor. I 2014 vil Frivillighet Norge halde fram arbeidet med å påverke kommunar til å utvikle sin frivillighetspolitikk i samarbeid med lag og foreiningar i sin kommune.